BÅDEOG

Åpningstider kafe: Mandag til fredag: 11-16

BÅDEOG er BÅDE et hus med mange rom OG en måte å tenke på. Velkommen!

Ommøblering & faste

Det er ikkje typisk norsk å fasta.  Hos oss vert faste knytt opp til ymse diettar, eller inngår som del av instruksjonen frå ein lege som skal operera deg på SUS. Å ikkje eta er for mange kvinner eg kjenner snarvegen til elendig humør,  aukande aggresjon og generelt det motsette av kreativitet. For menn rammar det raskt evna til singel-tasking. (multi-tasking er sjeldan inne i biletet uansett.)

Kva tid sa du nei til noko du verkeleg hadde lyst på? I samfunnet vårt har det lenge vore eit viktig ideal å unna seg det ein vil, fordi, som reklamen seier «du fortjener det». Med individualismen som utgangspunkt fortener eg alt eg har råd til og alt eg har lyst på, rett og slett fordi eg er sentrum i mitt eige univers.

 

shutterstock_165133400_small.jpg


Ofte blir det framstilt som sjølvfornektande og traust å seia nei. «Hallo, ein må jo ha lov å kosa seg!» Men då havnar ein fort på sida av problemstillinga. I vår kultur treng ein jo aldri leita etter grunnar for å eta cupcakes med skyhøg glasur. I ein slik kultur som seier ja til alt, kan det jo plutseleg vera frigjerande å seia nei. Kanskje nettopp dette kan gjera konseptet faste viktig for oss dag også?

For som ein klok mann sa det: «Eit nei er eit ja til noko anna». Det er lett å sjå seg blind på at ein skal nekta seg noko. På det ein nektar seg. Men det å seia nei til noko, gir oss sjansen til å gjera andre erfaringar. Det er interessant å sjå kva som opnar seg når ein kuttar ut noko, vel å merka dersom ein klarer å ikkje berre tenka på det ein har kutta ut. Der må ein alliera seg med viljen.

Sjå det som ei ommøblering. Når du flyttar rundt på møbler heime, tek ut noko, eller skiftar om på noko, ser du heile rommet på ein annan måte. Av og til oppdagar du nye flater. Av og til innser du at du berre har engasjert vanen som interiørkonsulent- og når du endeleg hiv noko ut blir det klart for deg at du likar det betre utan. Meir vilje og mindre vane, med andre ord, og som regel eit både finare og meir engasjerande sluttresultat.

Ommøblering er litt strevsamt, me er mange som likar godt når ting står på sin vante plass. Litt ommøblering i livet bør ein av og til ta bryet med likevel. Å seia nei til noko eg likar gjer meg meir bevisst på det eg set pris på. Å flytta noko ut kan gjer meg klar over kor mykje plass det eigentleg tek. Du kan jo alltids setta ting tilbake på plass, sølvsagt.

Men då veit du faktisk meir om kva alternativ du har. Og at du er fri både til å seia ja og nei.