BÅDEOG

Åpningstider kafe: Mandag til fredag: 11-16

BÅDEOG er BÅDE et hus med mange rom OG en måte å tenke på. Velkommen!

Lysleksjonar

Du har vel fått med deg februars glansnummer? For det må jo vera ei form for eldgamal magi? Dette at mørketida på eitt eller anna mystisk tidspunkt då vi alle må ha sett ein annan veg, berre har losna grepet på morgontimane. At ettermiddagen har blitt romslegare. Som om ei hand av lys har vikla papiret av litt fleire av timane etter at du er ferdig på arbeid. Snøklokkene dukkar opp som frå ein tryllekunstnars fillete flosshatt, dei  tek alltid våren fint på forskot, desse som feirar lyset også på dei minst spektakulære plasser. Uryddig stiller dei opp som viltre vår-kor som elskar å improvisera. Den er enkel og djup,  lys-leksjonen snøklokkene gir oss: gjer det vakkert der du er. 

shutterstock_50757967.jpg

Det er noko med det å vera vitne til at lyset bryt gjennom og finn vegen. Det brøyter seg ikkje fram som ein hektisk togavgang, det berre legg seg stilt mot oss, opnar dagane, lokkar oss ut frå våre vinterlege kokongar og famnar oss alle. Når lysbrua eingong utpå ettervinteren reiser seg som ein vakker boge herfrå til sommaren, ser det plutseleg lettare ut å finna fram di vi skal. Det er ein lovnad i lyset. Herfrå kjem vi. Mørket er midlertidig, vik unna og løyser seg opp når lyset kjem.