BÅDEOG

Åpningstider kafe: Mandag til fredag: 11-16

BÅDEOG er BÅDE et hus med mange rom OG en måte å tenke på. Velkommen!

Kafèlleskap

Kanskje du har lese om, høyrt om, eller aller helst sett den store espressokopp-samlinga vi har her i kafeen på Bådeog? Det er med den største respekt vi har teke i mot koppane og historia til Kurt. Han har gitt oss innblikk i eit liv der ikkje alt har gått på skinner, og det har rørt oss at han vil gje vidare det som har hjelpt han slik at det no i kafeen kan verta til hjelp og glede for andre. 

 


Ein kan lesa mykje forskjellig inn i dei utstilte koppane. Dei har mykje til felles, men er også svært ulike; litt slik det er med menneska som finn vegen til Bådeog-huset på ein vanleg dag. Det er fascinerande med kafé− fellesskap. På ein måte har ein ikkje noko anna til felles enn at ein har funne vegen til den same plassen på same tida. Grunnane til det kan naturlegvis vera heilt ulike. Ein treng ro, ein annan treng å få tida til å gå. Ei sit og ventar på venninna som er seint ute. To kjem inn fordi det var her det var ledig. Business-prat ved eitt bord. Mat-drøs ved eit anna. Dei to i sofaen har møtt ein felles kjenning. Ei har rigga seg til med bøker og pc- det nærmar seg eksamen. Men vi har noko til felles. Det er noko ved oss menneske; endå så ulike vi ser ut, endå så ulikt vi erfarer livet: vi er knytte saman. Vi treng fellesskap, vi treng å høyra til. Og vi treng håp.  

Og ja. Eg veit at håp var tema også i påskebloggen. Men håp, det er noko ein treng kvar dag. Håp for seg sjølv og dei ein er glad i. Håp for barnet og den gamle. Håp for dei ein møter i forbifarten. Håp for framtida og håp for ei verd som, trass vår trygge kvardag her i Noreg, ser ut til å gå av hengslene. Vi treng å halda godt fast i håpet for dei som ikkje orkar. Håp om eit under når den ein er glad i er sjuk og ingen legar har trua lenger. Og håp om ein ny retning når alt har køyrt seg fast, når hjulspora i livet vert djupe og grumsete og du lengtar etter eit fast underlag å gå på.

Vi må våga å sjå at vi, slik den danske filosofen K. E. Løgstrup poengterte, held noko av andre sine liv i våre hender. Alle eg møter er menneske som angår meg. Det kan verka krevjande å tenka slik, men det er faktisk oppskrifta på eit godt samfunn. Derfor er alltid dagen i dag ein dag for å bry seg.  

Espressokoppane står der i kafeen som eit symbol på fellesskapet med alt det som er likt og alt som er ulikt. Historia bak minner oss om at det er alltid meir å oppdaga enn overflata. Ingenting er eit enkelt anten/eller. Det er difor vi insisterer på å vera både-og. Eller Bådeog, om du vil.

Det er forresten også håpet Olav H. Hauge skriv om i det fine diktet Det er den draumen. Les det seint og ta det med deg inn i dagen din. 

DET ER DEN DRAUMEN

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje−
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa−
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn 
på ein våg me ikkje har visst um.