BÅDEOG

Åpningstider kafe: Mandag til fredag: 11-16

BÅDEOG er BÅDE et hus med mange rom OG en måte å tenke på. Velkommen!

ROP!

Dei fleste småbarnsforeldre veit kva det vil seia å bli ropt på. Det trengst sjeldan eit calling-system i dei tusen heimar. Eit halvt sekund tek det frå ytterdøra drønnar igjen og til barnestemma rungar innover heimen: «mo-oor!» Ikkje sjeldan kjem den oppropte så fort det lar seg gjera, og nesten like ofte er det ikkje noko spesielt. «Berre lurte på kor du var.»

shutterstock_13887196.jpg

I eitt perspektiv er det irriterande å bli ropt på slik. I tillegg er ofte tonefallet det same uansett kor viktig det er. Av og til blir vi freista til berre å ropa tilbake: «kva er det!?» eller ganske enkelt ty til eit halvhjarta: «ja, eg kjem (kanskje…etter kvart…)», for å sleppa å bryta opp frå det ein held på med. 

Men, som med dei fleste ting, ser også dette annleis ut når ein tenkjer over det. Å bli ropt på- det er verkeleg eit sterkt uttrykk for ein relasjon. Som vaksen ropar eg ikkje så ofte på andre, då skal det i så fall vera nokså kritisk. Men barn, dei ropar, ofte berre for å konstatera at den andre er der, er tilgjengeleg, eller i det minste, gir respons. Ropet frå eit barn i entreen er ei påminning om forbindelsen til den vaksne: vi er ikkje åleine i dette huset. 

Det er mange rop rundt oss, kanskje meir overført tyding enn i eksemplet frå ein barnefamilie. I alle rop ligg det ei forventning til oss, om å reagera, om å gjera noko eller i det minste svara at vi er der. Det verste vi kan svara eit rop med, er å vera stille og berre halda fram som før. Av og til når ropa rundt oss vert mange, blir vi immune, og føler at vi alltid kjem for seint eller aldri strekk til. 

Då må vi minna oss sjølv om at rop om hjelp er grunnleggande sett er ei formidabel tillitserklæring. Dei som ropar har ei forventing om å bli sett og fanga opp, har eit håp om at situasjonen kan bli annleis, om at det finst fellesskap, nokon å dela med, smått eller stort. 

Det er ikkje det at vi aldri blir utmatta. Det er dei som seier at heile verdssituasjonen i grunnen er eit rop om hjelp, og kor skal ein då starta? Lytt til ropa likevel. Nokre av dei går gjennom ditt hus, rungar opp nettopp di gate, og då kan du jo begynna der? 

Men svar, for all del. Når nokon ropar på deg, er det ei tillitserklæring på fullt volum.